Installasjon og oppgradering
Det er ikkje alltid ein treng å kjøpa ny maskin. Nokre gonger er det nok å byta ut tre delar for å få ei ny maskin: hovudkort, prosessor og minne. Du beheld kabinett, harddisk, og cd-rom. Dette vert eit rimeleg alternativ til å kjøpa ei heilt ny maskin.
Andre ting ein kan byta:
Meir minne, vifter, straumforsyning, skjermkort, lydkort, støydempande tiltak...
Programvare: antivirusprogram, operativsystem...…
Breiband
Vi kan installera breiband (adsl) og trådlause heimenettverk og alt av aksesspunkt, modem, routerar og ip-telefon. Vi kan òg kopla til nye maskiner på heimenettverket ditt.
Når du bestiller breiband hos ein leverandør, vel du gjer-det-sjølv-pakka, og seier frå til oss kva tid det vert tilkopla, så ordnar vi resten.