Kven vi er
Plei er ein lokalbasert totalleverandør av varer og tenester for pc-brukarar. Plei hjelper deg med bruk, vedlikehald og reparasjonar av pc-en din på dine vilkår - når det passar for deg og på den måten som passar best for deg.
Plei blei starta opp i juni 2006 av Per Arne Larsen og Kristina Kjellson, på Voss. Vi er utdanna datalingvistar, Per Arne ved NTNU i Trondheim og Kristina ved Göteborgs universitet. I tilegg har vi lang erfaring med bruk og reparasjonar av pc. Per Arne er dagleg leiar og ansvarleg for verkstaden. Kristina arbeider òg på verkstaden, i tillegg til kundehandsaming, marknadsføring og administrasjon.
Plei og miljøet
For å minska bruken av ikkje fornybar energi, minska utslepp i lokalmiljøet og globalt, og problem med renovasjon er det ei rekkje enkle grep som kvar av oss kan gjennomføra. Plei har teke ein aktiv del i dette.
Gjenbruk
-oppgrader i staden for å kjøpa nytt
-reparer i staden for å hiva
Transport
-vi samordnar hente/bringeturar til kundane i staden for at kvar enkelt kunde må dra til oss
-maskina treng ikkje å verta transportert til ein sentral verkstad på austlandet
-vi brukar ein liten bil med lågt bensinforbruk og kjører piggfritt om vinteren
Maskinvare
-vi prioriterer mindre energikrevjande delar for å minska straumforbruket, og for å minska støynivået. Har du nokon gong opplevd roa når du har slått av maskina?
Heimesida
Plei sin logotype er laga av Via Reklame, www.via-reklame.no.
Heimesida er laga av Kristina Kjellson, etter tips frå www.ninetnet.com. Biletet av Lønahorgi er teke av Marit Sandbæk.