• Start
  • Tenester
  • Gode råd
  • Prisar
  • Om oss

Skadeleg programvare - virus

"Virus" er eigentleg eit samleomgrep for skadeleg programvare som kjem inn på datamaskina og forstyrrar, men maskina kan òg verta øydelagd. "Virus" er blant anna trojanarar, spionprogram, hi-jackers, phishing, med vidare.

Nokre begynner å eta systemfiler slik at maskina sluttar å verka. Nokre skadelege program kaprar maskina og gjer ho til ein slave i eit nettverk for å spreia e-post. Andre les av tastetrykka for å finna ut av passorda dine, eller opnar opp maskina for andre inntrengjarar. Desse typane er svært vanskelege å oppdaga og å få vekk. Andre er meir plagsame å lagar popup-vindauge eller endrar startsida.

All gratis nedlasting er mogeleg kjelde til skadeleg programvare. Dei kan sendast med kor som helst, gjerne saman med spel og kjekke program eller smilefjes og bilde. Nokre fildelingsprogram krev at du godtar reklame. Nokre program vil at du skal betala for dei, men dersom du ikkje gjer det, så poppar dei fram i ny og ne. Dei utgjer seg gjerne for å hjelpa mot skadeleg programvare, men er nokså vanskelege å få vekk.

Mange virus vert spreidde gjennom MSN. Mottakaren får ei melding om at ein kompis vil overføra eit bilde eller ei fil, men i filnamnet er det skjult ".exe", som gjer den uskyldige bildefila til eit virus, for eksempel: "Hey, sjekk in dette bildet solskin_over_elva.exe_kjell_knutsen@hotmail.com" Ofte vert desse sendt til alle i adresseboka og spreier seg derfor kjapt til mange brukarar.

Cookies, informasjonskapslar, er ikkje virus, men tekstfiler som inneheld informasjon om brukaren eller brukaren si maskin i forhold til ein nettstad. Cookies vert mellom anna brukt for å forenkla bruken av ein nettstad. Det kan for eksempel vera å sleppa å hugsa brukarnamn og passord, eller i frå kva kommune ein vil ha nyhende og værmeldinga på NRK si heimeside.


Korleis oppdagar ein skadeleg programvare?

Dersom maskina tek til å oppføra seg annleis, vert tregare, vanskeleg å starta opp, ein får mange popup-vindauge, program sluttar å verka, eller at ein vert sendt til ei anna nettside enn oppgitt, kan ein ha fått ei eller anna form for skadeleg programvare inn på maskina. Dessverre er det ikkje alltid ein oppdagar det. Føremålet med mange typar skadeleg programvare er at dei ikkje SKAL oppdagast, fordi dei gjer slemme ting. Ein måte å oppdage dette på er at nettverksfarten har gått ned - men det kan jo vera avhengig av mange andre faktorar.

Dersom du finn ut at du har skadeleg programvare på maskina, kan du vera sikker på at det er toppen av eit isfjell. Mangt kan liggja skjult når ein begynner å reinska opp på maskina.

Til toppen