Lagring / backup
Backup, sikkerheitskopi, er ikkje nokon kopi dersom originalen vert fjerna. Det tyder at sjølv om ein har brent cd-plater eller har ein ekstern harddisk med alle bilda frå 5 år tilbake, men ikkje har desse i minst 1 eksemplar til, så er det ikkje nokon sikkerheitskopi.
Vi tilrår å ha data sine lagra på cd-plater OG på ein harddisk. Harddiskar kan krasja, men det skal vera enkelt å sjå bilda utan å leita i skuffa. Det finst gratis program, for eksempel Sync Toy som tek backup av alle nye filer og filer som har blitt endra, og som kjører sjølv utan at ein treng å tenkja på det. Hos fotografen kan ein få kjøpt spesielle cd-plater som bevarer bilde i lang tid.