Gode råd
Å bruka litt omtanke forlengjer maskina si levetid i tillegg til at ein unngår ein del kluss. Pleie av maskina er å halda operativsystem og beskyttelsesprogram oppdaterte, ha brannmur og antivirusprogram på, i tillegg til å defragmentera maskina jamleg. I tillegg anbefaler vi å levera maskina til pleie ein gong i året. Les meir på sida vår om bli-ny-dag.
Dersom maskina begynner å gå tregt, det kjem rare lydar frå harddisken eller det er vanskeleg å starta maskina, er det på høg tid å kontakta pc-eksperten din før det går skikkeleg gale. Når harddisken har krasja, må han sendast til spesialistar for at ein skal ha sjanse til å redda bilda sine. Då er det viktig ikkje å ha prøvd å starta maskina for mange gonger sjølv, eller å ha prøvd å opna harddisken. Dersom ein prøver sjølv, vert det vanskelegare for spesialistane og data kan gå tapt.
Dessverre er den sikraste måten å bruka maskina på også den mest keisame måten, men med litt forstand og sikkerheitsrutinar på plass er det berre å køyra i veg.